Gå til hovedinnhold

Rapport frå julhelga



 Det er kaldt ute. 19 kuldegrader, og snøen knitrar under føtene. Trea er kvite av snø, og rimet  har lagt seg utanpå greinene Eg er ute og går utan å kjenne vondt i bringa. Det er fantastisk å kunne gå slik, nyte naturen og sjå på alt det vakre.  Det er no nesten  to år sidan eg tok bypassoperasjonen, og fekk eit nytt liv.  Eg er takknemleg til Gud og menneske for å leve. 



Rutinane er dei same. Eg prøver å gå mine 3000 skritt kvar dag, minst. Det hender eg tel med småturane inne i hust, turen for å hente posten eller på butikken for å få nok skritt. Eg har ein runde som tek 2500 skritt, ein annan på 300, ein tur den vesle parken  som tek 1200 skritt, så eg varierer litt, men om eg må gå ein ekstra tur til postkassen eller rundt byggefeltet for å  oppnå skrittmengde, så gjer eg det som oftast. 

Eg har teke oppatt strikken, og lagt til nokre øvingar, så no tek programmet 10-12 minuttar. Det gjer godt, og eg kjenner at eg blir betre i form av desse daglege treningane.

Her ein dag fann eg nokre manualar som låg att etter den utflytte sonen min, og eg prøvde dei.  Så no vert det nokre lyft med dei, og vonleg fleire repeteringar etter kvart. 

Eg såg ein strikk på nettet  som du kunne bruke for å trene føtene, magen og hoftene.  Eg trur nok det vert innkjøp av dei, for det er framleis ikkje noko alternativ å gå på treningssenteret på grunn av koronna. Men gamal og stiv som eg er, vert det vanskeleg å koma seg opp og ned frå golvet. Men det er og ei øving for ein gamal skrott! Eg er passiv medlem på treningssenteret enn så lenge , men veit ikkje kor lenge eg kjem til å støtta dei. 



Så var det vekta og maten. Huff! Opp 1,5 kg i jula, endå eg prøvde å passe meg. Litt småkaker, nøtter, god saus, nei eg veit kva som var feilen. Så no er det striskjorta igjen. Har gått ned eit kilo, så eg er på veg. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!