Gå til hovedinnhold

Oktober

 Oktober har kome og gått. Lauva er for det meste borte frå trea, og turane i den lokale parken går mest ut på å sjå dei vakre skiftingane i vatnet, og alle brune, gule og raude nyansar i naturen. 

For det vert mest turar i nærområdet, der Samsungen er god å ha for å telje skritta. Det vert som regel 3000-4000 skritt, på ulike stigar nær oss. Når det regnar er eg som katten, og vil helst ikkje gå ut, men Yr har no lansert ei teneste som heiter himmel, og ho er ganske nøyaktig når det gjeld lokale regnbyger. 

Strikken brukar eg no og då, og kjenner kvar gong at dette burde eg gjera meir av! Det lokale treningssenteret er utan meg, ettersom smitte kan forekoma.

Me har hatt ein tur til Molde, og syrgde for at gåturane fungerte både på reise og under opphald.

Det går ikkje så lett å kome ned i vekt lenger, men eg har gått ned eit kilo til, med å vere forsiktig med kva eg et. Eit syttiårslag må ta noko av skulda for at det vart litt lite vektnedgang denne gongen, for eg er glad i både kaker og moltekrem. Men sakte og sikkert går gramma nedover, og eg set meg som mål å klare 1kg kvar månad. I min alder er det sprekt, synest eg! Men så er det jula...  Her må det nok ekstra motivasjon til.


 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!