Så er me alt kome langt ut i september, og det er tid for ein ny rapport. Det har vore fint ver, så det har vore lett å få til sine 3000 skritt. Om veret ikkje var så bra, så har appen til Yr hjelpt meg til å gå mellom bygene. Det er mange fine finessar på moderne dupedittar!
Vi har plukka bær. Godt å kome ut i skogen, og finne at i år bugnar det av bær. Eg trur aldri eg har funne så mykje på så kort tid. Me fann ei halv bytte kvar gong, og me var ikkje ute i mykje over timen! Vi plukkar blått og raudt saman, og så sortertar me heime. For oss fungerar det bra. Så me har fått mykje fint blåbær og tytebær til syltetøy og dessertar.
Blomkål viste seg å vere fin til slankekur. Eg bruka han i salaten eg et til frukost og lunsj. Dessutan har me hatt fleire middagar med blomkål som hovedrett eller attåt. Eg har gått ned fleire kilo! Då eg googla dei fantastiske eigenskapane til kål, fann eg ut at kåldietten var ein kjend slankemetode, både for kortids og lang tids slanking. Kålen er full av fiber, og reinsar tarmane, fann eg ut. Men det harde regimet eg fann på nett, var ikkje noko for meg. Det var kål til frukost , middag og kvelds i fleire veker. Eg har laga meg ein "cauliflower light" metode. Det er blomkålsalat attåt frukost, og til lunsj, og så har me ein middag med blomkål for veka. Den er ikkje så effektiv, men det går sakte nedover 100g etter 100g, så lenge eg er forsiktig med dei andre måltida og. Eg har gått ned 2,5 kg på ein månad, og det er bra for meg. Så hugsar eg å vege meg om morgonen, når eg er lettast, sjølvsagt!
Blomkål har vore til sjølplukk lenge, for bonden fekk ikkje levere meir til fabrikken. Så eg har sikra meg ein del, og har forvella dei til seinare bruk i vinter. Så no må eg berre vera flink å bruke dei i mat! Eg har sett meg som mål å gå ned ein størrelse i klede til jul! Spanande om eg klarar det!
Kommentarer
Legg inn en kommentar