Gå til hovedinnhold

Situasjonsrapport for august.

 Dei hovne føtene kjem og går. Eg prøver å gå, og eg prøver å ete selleri. Ei tid såg det ut som Muskel gel verka, men så gløymde eg han nokre dagar, så nå må eg smørje på nytt.  

Elles held eg fram med mine 3000 skritt for dagen, og er trufast med det, anten turen går på kjøpesenter eller rundturar i nærmiljøet. Det byrjar å bli mørkt om kveldane, så her ein kveld såg vi ein grevling ute på plenen som dreiv og meska seg med meitemark etter regnet. Han kan vera sint, og hoppe i leggen på folk, så vi er litt aktsomme når vi vandrar ut etter mørket har kome. Me har funne ut at han bur sannsynlegvis under terrassen til naboen. Han  likar å setje ut mat til kattar, og då er det fritt fram for andre å forsyne seg.   Hadde han budd under min, skulle han blitt fanga i felle og skoten, eventuelt blitt frakta til dei djupe skogar, der han aldri fann at heimstaden sin. 

Eg er ikkje så flink med strikken lenger, men han heng no der. Ein dag losnar det vel. 

Coronna har og sett stoppar for treningssenteret, så no har me plukka litt bær i staden, både i hage og skog. Det vert litt bøy og tøy, men så mange skritt vert det ikkje. Men det er fantastisk å kome ut i skog og mark, og merke korleis det fornyar kroppen. dessutan er det mykje bær å finna, så det blir reine matauken. 

Elles har eg delte på sjølvplukk av både jordbær og blomkål, så litt trim har det vorte. 

Vekta har gått oppover att. Men no tok eg rev i segla. Eg bytte ut brødlunsj med grønnsaker. Det hjelper litt, så no er vekta på veg nedover sakte, men sikkert. Målet er 4 kilo på eit par månader. For håpa det hjelper. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!