Gå til hovedinnhold

Kjerringråd og helseprodukt for hovne føter


Det er varmt ute, og føtene hovnar opp, særleg den eine. Lækjaren tok ei vene frå han då eg skulle få nye årer til hjartet.  Så  prøver eg då kjerringråd frå nettet, og sit med føtene høgt. Eg leitar fram selleri som eg har høyrt skal vere vassdrivande, og knaskar i meg ein stilk stangselleri, og har han i salaten.  Grøn te skal hjelpe, så eg drikk meir te og mindre kaffi, og når desse remediene verkar, og ødema blir mindre, så må ein jo meir på toalettet.  Eg las at nesle og løvetannte skulle hjelpe, så no får eg tørke litt av det til vinteren.

Mannen min smør seg med ein gel som reinsar problemområder. Han har hatt vondt i albuen, og smør seg for å lindre smerter. Her ein dag såg eg at dette skulle verke på høvne føter og.  Så no smør eg meg, og det hjelper. Det er jo dårleg blodsirkulasjon som ligg til grunn, så gelen reinsar vel opp i  gamle uhumskheter.
Eg las at ein skulle ikkje berre vere forsiktig med salt når ein hovna opp i føtene, men også med sukker. Det siste er litt verre, for  eit kakestykke eller ein is er jo godt i varmen.
Men så held eg fram med mine 3000 skritt for dagen,  og et mykje frukt og grønsaker. Det hjelper på , det og.  Ein må keep up the good work.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!