![]() |
| Legg til bildetekst |
Trampolina står i gangen, ubrukt, ettersom eg ikkje finn føtene. Dei er nok gøymt på ein lur stad, slik at dei ikkje vert oppdaga før lenge etter at denne koronnakrisa er over.
Eg slit framleis med å gjere allsidige øvingar. Ikkje fordi eg ikkje har mange gode framlegg. Nettet fløymer jo over med kreative ideear : brusflasker fyllte med vatn, mjølposar, folk som tek sprettup i sofaen og har laga seg treningsløype gjennom heile huset. Det er ikkje forslaga det står på, men gjennomføringskraft i ein kvardag der det er enklare å strikke, lese og gå tur.
For min minst 3000 skritt lange tur, eller halvtimen som han tek, er eg trufast mot. Det kan vere ein runde i nabolaget, nokre turar i hagen, tur på butikken eller på kjøpesenteret. Telefonen er med, og tel skritta anten du har handlevogn eller katten som fylgje. Telefonen er og fin for å dokumentere turen, eller ta bilete av blomar, bekker og trerøter som ser ut som dinosaurar . Eg las at lækjarar anbefalte deprimerte å ha med telefonen og ta bilete frå turen. Det gav ein ofte betre humør og livsglede å leggje merke til naturen, og ta bilete frå han. Eg er ikkje deprimert, men synest det er artig å ta bilete.
Her i bygda er det mange turstigar. Dei er av ulik lengde, og godt merka med blåe teikn.
Mannen min og eg gjekk delar av Ilsengstigane ein dag, og fekk oss ein variert og fin tur attmed elvekanten, ved åkereina og gjennom skogen før me gjekk vegen attende til bilen. Det var ei strekke på ca. ein time.
Kvelden etter skulle eg ta resten av løypa. Det var ein kjempefin start med kvitveis så langt auga såg attmed stigen, og Svartelva som rann stille og djup attmed stigen då eg kom vidare, og eg merka meg mange tre som hadde gått over til troll i alderdommen. Etter litt om og men fann eg vegen vidare , trasking denne gongen, attmed åkereinene no. Kjedeleg og med lite variasjon, der viljen til å fullføre var motivator. Halvvegs hadde eg valet mellom å snu eller gå over brua og fullføre, og valde det siste. No gjekk eg på andre sida av Svartelva, og observerte fuglekassar og reir, meditative kvileplassar attmed elva, og informative skriv om det eg passerte.
Ei lang strekkje attmed nye åkerreiner, før eg kom til fuglereservatet ved Horne gard. Eg observerte ikkje så mykje fuglar, men ei bu som sikkert fugletittarane brukte til sine studiar. Ein flott gapahuk og samlingsplass for speiarar var det i nærleiken.
Så klarte eg å gå feil, og kom innom ein gard der det ikkje var veg lenger fram, berre store opp-pløgde vidder som det seg hør og bør på våren. Eg måtte gjera vendereis, og fekk god hjelp av nokre innfødte eg møtte til å ta meg attende til bilen. To og ein halv time med all feilnavigering, så den dagen hadde eg oppfyllt skrittmålet og litt til!
Mannen min og eg har forresten ei lita rute der me køyrer eit par kilometer, går gjennom skogen, og tek storvegen attende til bilen. Då får du kjenne litt av den friske lufta som berre ein tur i skogen kan gi.
Så rilstandsrapporten min er som før : Eg går, men den allsidige treninga av kroppen er det verre med!






Kommentarer
Legg inn en kommentar