Slik går no dagane. Eg har vore flink å gå på treningssenteret siste månaden. Kvar veke planlegg eg tre økter, og gjennomfører dei. Det er stort sett det same kvar gong. Men av og til er det moro å prøve nye apparat, som då eg prøvde eit der du vreid på ryggmusklane. Det gjekk greitt eine vegen, men andre fekk eg ikkje til. Det var tungt, og høyrdes ut som eg held på å øydeleggje maskina. Så fekk eg vite at det var to hendlar under setet, ein for kvar veg, og då gjekk det betre.
Folk og eg er stort sett i vår eiga boble, så det er ikkje mykje vi snakkar saman. Nokre ser sitt snitt til å kvile i eit av dei mest populære apparata, andre ser ut til å drive same øvelsen 20 minuttar i strekk. Men det er alltid noko anna å gjere, og ta det apparatet det gjeld til slutt. Litt anpusten etter siste øving, smiler vi til kvarandre i garderoben, og er einige om at det er ekstra godt å vera ferdig.
Men no er det slutt. Regjeringa stengde som kjent ned alle treningsstudio i går, så no må ein finne andre måtar å øve på. Faren for koronasmitte er overalt.
Eg såg ein video på nettet med ei som hadde laga seg øvingar med fire toalettrullar, som ho lyfte, flytta på og svinga seg mellom. Ho tok bøy og tøy og dreiv på fælt. Men eg trur øvingane var for ein litt yngre skrott enn min. I kommentarfeltet var det ein som skreiv: - Er det derfor det er tomt for toalettpapir i alle butikkar?
Så nå må eg leite fram tørkestativet, les sykkelen, og finne fram romaskina som har hange på veggen i årevis, og prøve å få gjort nokre alternative øvingar . Eg har jo strikken, og øvingar eg kan bruke han til.
Sonen etterlet seg både matte og eit eller anna rullereidskap då han flytte ut, og når eg tenkjer meg om, er det visst ei lita trampoline borte i uthuset. Når eit attpåtil kan løfte kveitemjølsposar og ta bøy og tøy attmed kjøkkenstolen, ja så vert det vel ei råd dei neste 14 dagane også.
Men i dag går eg tur. Det er fint ver ute, og sola skin.
Eg må lage meg eit program, som ivaretar ulike muskelgrupper. Så må eg mote meg opp, for dette vert litt kjedeleg i forhold til hallen.
Korleis det går, får du vite neste gong!


Kommentarer
Legg inn en kommentar