Så no er eg 3 gonger for veka i Stangehallen , og trenar moderat. Det sovande medlemskapet vakna til liv, og eg kosar meg mellom dei ulike apparata. Det er lettare å køyra til hallen etterat vegen vart ferdig etter omlegginga, og det gjer og sitt.
Eg brukar tredemølla, og går ca 10 minuttar med vekslande intensitet, men er for gamal til å springe. Så medan dei pustar og pesar og set føtene hardt i mølla på alle kantar, ja nokon har sågar fått mølla i oppoverbakke (!), så går eg mellom 3 og 6 på skalaen. Etterpå ror eg i 5 minuttar, og tek så øvingar for rygg og mage. Eg øver balanse ved å stige opp og ned på ein krakk, og går så for å øve lårmusklane. Det skal vera ei maskin for å øve leggmusklane og, men ho har eg ikkje funne enno. For noko av gleda mi er rett og slett å prøve ulike apparat, og finne ut av innstillingane sjølv. Det er fridom å kunne klare seg sjølv, men eg veit nok at eg ein dag vil be om ein time for å lære fleire finessar.
Reinhaldet til maskinene er no overlete til den enkelte, så dei fleste dreg med seg eit vått papir frå stasjon til stasjon, og tørkar pliktskuldig av flatene dei har rørt ved. Lenge syntest eg det var noko tull, men no har eg funne meg papir eg og. - Reint skal det vera, sa kjerringa, ho kasta ut katten!
Vidare går det til eit apparat som øver bukmuskulaturen, og der har eg på ordentleg med vekt! Eg er stolt av meg sjølv! Eg brukar det eg kallar " skistativet " i to minuttar, og der får eg bøye ryggen, og øve den litt. så finn eg meg fleire øvingar for å strekke overkroppen på ulike måtar, og eg er innom eit apparat som trenar brystmusklane. Det heile tek ca. 40 minuttar, og så avsluttar eg med 2-5 minuttar på ei gåmaskin med full motstand.
Vassflaska er med, som eg lærde på Gardemoen, og rett som det er tek eg meg ein slurk.
Vi pratar litt saman, me som er der, men mest er ein nok i si eiga boble. Eg saknar eigentleg nokon å trene med. Men min bedre halvdel har ikkje heilt kome på tanken enno, så eg held ut åleine.
Har det nokon effekt? Ja, eg kjenner meg betre i ryggen, sjøl om han ikkje er heilt god. Det er vel forkalking og stillesitjande arbeid gjennom eit langt liv som gjer seg gjeldande. Men eg trøystar meg med at det er aldri for seint å starte!
Så når eg set meg i bilen og køyrer heim, er eg førnøgd. Eg har gjennomført økta, eg er god og trøytt i kroppen, og i betre humør fordi eg har vore i bevegelse og stimulert endorfinane mine! Eg kjenner på tilfredshet og lykke. Så reknar eg med at eg blir betre og betre i ryggen og!




Kommentarer
Legg inn en kommentar