Det er lenge sidan eg har skrive på denne bloggen no. Det er nok for at alt går bra, og fordi eg har hatt det travelt. Eg har faktisk arbeid ein del som vikar på skulen, og elles har dagane gått med det vanlege, husstell, lesing og skriving.Så har eg vore fleire turar til Vestlandet, både til Bergen og Molde, og hatt gleda av å møte slekt og venner.
Mannen min har feira 70- årsdag med slekt og venner, og det var ein kjempefin dag, der me fekk møte folk, fornye vennskap og mimre. Eg er så absolutt for å feire dagar, for å møtast på merkedagar.
Når det gjeld helsa, er ho bra etter alderen. Eg prøver å gå mine 3000 skritt for dagen, og klarar det nesten kvar dag. Det er greit med Samsungtelefonen, som har ein app der du kan leggje inn anntal skritt du vil gå kvar dag. Eg veit at eg kunne ha lagt inn fleire skritt, men eg synest det er greitt å ha forholdsvis lite, for da kan ein heller gå lengre om det høver.
Det har vorte altfor lite gått i motbakkar. No vart eg minna på det på nytt, da denne omtalen av ein NTNU- studie var publisert, og professoren skreiv at det var betre å ta 3 intervall à 10 minutt der ein gjekk eller sprang seg sveitt, for då fekk hjarte og puls arbeide. Det same kunne skje om ein tok motbakke. Så no prøver eg å legge inn litt fart på delar av turen, sjøl om min fart ikkje er så stor om eg går fort.. Men alt monar og drar.
Så er det den andre delen, nemleg å gå ned i vekt. Der er eg ikkje like flink. Eg gjekk opp ved juletider, og det har vore vanskeleg å kome nedover på vektskalaen. Det er denne sjokoladebiten og kakestykket som er vanskeleg å forsake. Men eg ser at når eg lagar meg salat, og tek den attåt til måltida, så hjelper det på. Då slepp eg også søtsuget. Så her er det å ikkje gje opp, men prøve å bli kreativ. Eg las nettopp om eit kosthald der ein ser på innhaldet av GI. GI metoden går ut på ete slik at blodsukkeret held seg så jevnt som mulig for å minimalisere kroppen sin produksjon av det fettbindande produksjonen av insulin. Mat med lav GI har den effekten.
Eg får setje meg meir inn i dette, og sjå om det kan hjelpe.
Enn så lenge, livet går vidare, og det er herleg å leve!

Kommentarer
Legg inn en kommentar