Gå til hovedinnhold

Trening, jul og vekta

Det er lenge sidan eg har skrive på bloggen no. Alt går jo sin vante gang, for eg går stort sett mine 3000 skritt for dagen, og har stort sett brukt strikk kvar dag.  Eg har vore sløv å gå bakke, så då eg var på tur med familien og skulle gå motbakke, så måtte eg stoppe og pusta på fleire gonger. Så no er det bakke på nytt, men eg merkar det går lettare enn før, sjøl om eg ikkje har hjartetablett lenger.
Så fekk eg forespurnad om å ta eit vikariat, og det tok eg, mest for å teste formen. Det har gått veldig bra, så det var sant det doktoren på Ullevål sa :-Du får eit mykje betre liv om du tek operasjonen.
Det har eg fått, og eg er veldig klar over at eg har fått livet mitt tilbake.
Eg fullførde ei bok og eit hefte i haust, og fekk dei i trykken. Begge er kome att frå forlaget, og eg har vore på Vestlandet og seld og signert bøker.
Så livet har vore aktivt.
Så kom jula, og eg var spendt på kor ho ville gå!- Eg hadde gått ned 6 kilo, og var stolt av meg sjøl.
Men det tok ikkje lang tid å legge på seg att! Eit og eit halvt kilo opp til nyttår, sjøl om eg synest eg har vore moderat, berre unnt meg litt ekstra kaker og sjokolade.
Men eg vil ned i vekt, og må nok litt ned på 70-talet før eg er nøgd, og eg er i nedre del av risikosona. Så no er det meir grønnsaker på tallerken til middag, og så kuttar eg ut eit brødmåltid igjen, og et heller grønt og protein.
Så las eg noko om stoffskifte og trening som verka interessant. Skulle du ned i vekt, måtte du drive styrketrening, gjerne kombinert med  kondisjonstrening, fordi auka muskelmasse kunne redusere feittet. No har eg ikkje høge ambisjonar om noko vektløfting, Men i  jula har eg ikkje brukt strikken, og det er jo ein slags styrketrening, etter mitt vit.
Så no startar eg opp att med strikktrening, og drar på treningssenteret att. Det har og vore opphald i jula. 
Vekta skal nedover, sakte men sikkert!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!