Så er opphaldet ved LHL Gardemoen avslutta. Rart å kome ut av bobla med trening, foredrag og sunn kost, og prøve å setje all lærdommen ut i praksis.
Stort sett har det gått bra. Eg har halde fast på den halve timen med gåtur kvar dag, og har vel halde det 6 av 7 dagar i veka. Nokre gonger har eg gått meir enn 30 minutt. Det har vore varmt, så vi har planlagt turane. Anten måtte vi gå før 10 eller etter 21, elles vart det for varmt. men no er det heldigvis meir normale temperaturar i sikte. Eg har brukt strikk til styrketrening, og bunde strikken både i dørhåndtaket, på verandaen og i søylene ved utgangsdøra. Trur det hjelper litt på kondisen, det og.
To av venene mine har og fått strikk i gåve frå meg. Men mannen min har ikkje byrja enno. Det blir nok. Eg har meldt meg innatt på treningssenteret, men ikkje starta opp enno.
Kosthaldet inneheldt meir fiber, og eg et litt grønnsaker til alle måltid. Resultatet er at eg kjenner meg mett, og har ikkje behov for søtsaker. Men ein og annan is har det vorte. Det er jo sommar.!
Eg har gått ned knapt 3 kilo, og det er eg nøgd med. Det har teke meg 20 år å få den vekta eg har i dag, så det tek nok ei tid å bli lettare og.
Det er forholdsvis enkelt å halde kosten. Å skjere opp litt paprika, squash eller agurk og finne seg ein tomat er ikkje det heilt store meirarbeidet. Nett no er det rikeleg bær i hagen, og om litt kjem epla i hagen. Så det ser ljost ut, foreløpig.
No skal eg snart til ny hjartekontroll. Eg skal ha måleapparat på meg på nytt, og ei veke etterpå er det grundig kontroll av hjartet, for å sjå om det framleis fungerar bra. Dei skal lytte etter bilyd, og om hjartet fungerar bra. Det trur eg det gjer. Eg vart så optimistisk av det siste treningsterapeuten sa: - Hugs du har ingen restriksjonar på trening! Det er vel heller det å trene jamnt som er ei utfordring!

Kommentarer
Legg inn en kommentar