Her er liksom bere status quo. Eg går tur, brukar strikken, og tøyer og styrkjer musklar.
Friskliven i kommunen ringde, fordi eg hadde meldt meg som interessert i tilbodet deira. Etter litt fram og tilbake vart me einige om at eg heller skulle ta hjertetrimmen på treningssenteret. Eg skulle dit mandag, men vart forhindra. Så får me sjå om det blir torsdag. Det verste er at på grunn av ombygging av vegen, har dei konstruert eit mellombels kryss/ rundkjøring som er for vidarekomne, og eg er ikkje der. Sist eg køyrde var eg på full veg nedover mot Minnesund, om eg ikkje kjærleg vart påminna av (side) mannen kvar eg skulle. Eg likar ikkje konstruksjonen på rundkjringa, og det hindrar meg i fri ferdsel.
Friskliven kunne og tilby bassengtrening i oppvarma basseng, og det melde eg meg på. Så kom mailen med beskjed at bassenget var under oppussing, og eg skulle få nærare beskjed. Ein gong. Det ventar eg på, trekkjer i strikken og går min halvtime kvar dag.
Eg et sunt, og mykje grønnsaker, har laus mage, men heldt ut. Nett no heldt vekta seg stabil, men det er litt tregt å kome nedover på skalaen, men eg heldt ut.
I dag har eg fått montert båndspelar på magen. Det var litt utanfor komfortsona ¨å være på Elverum til 8 morgon, for me måtte køyre herifrå 7 for å vere på den sikre sida. Me gjekk trappene som sist, og etter obligatorisk hjartemåling og blodtrykk i liggjande og sitjande stilling, var det på med bandspelaren. Han lever sitt eige liv på magen min, men registrerar hjarterytmen min heile tida. Spelaren skal leverast 8 morgon på sjukehuset att, så det vert minus komfortsone då og. ( ikkje det at eg er så sein om morgonen, men eg er nok ein time seinare enn 6, vanlegvis).
Neste veke skal hjartet mitt skannast opp og ned og i mente, for å finne om det er bilyd, klaffefeil eller noko anna gale. Eg er ved godt mot, og trur det er bra.

Kommentarer
Legg inn en kommentar