Gå til hovedinnhold

Heimreis?

Så var eg på lokalsykehuset igjen, der  dei skulle ta ansvaret for meg dei siste dagane før eg reiste heim. Det vart lite soving om natta, for eg måtte stadig på do. Kanhenda var det litt kaldt på Flisa, så eg hadde fått eit snev av urinvegsinfeksjon? Eg veit ikkje. Ein gong i 2-tida den natta då eg stod foran døra til rommet mitt, i rutete nattskjorte med halvsidt, rotete hår, stod det ein jamgamal mann ved sida mi, og skulle inn i rommet ved sida. Han smilte og såg ut som han ville invitere meg inn. Ja, ja, 71 år gamal med nye operasjonssår, var det anna i tankane mine enn nye bekjentskapar.
Folk var inne for mykje rart, for hjerte og lunger. Dei fleste ville berre bli frisk, flytte heim og leve som før. Som 70-åring lurte eg på om det ikkje var tid både for meg og dei  å revurdere, og kanhende tenkje at livet her på jorda ikkje ville vare evig: " Lær meg å telje dagane mine, så eg kan få visdom i hjartet". Eg nemde det for ei, men ho skjøna ikkje kva eg meinte. Vi skyv unna tanken på døden, men han er jo der, det sikraste vi eingong skal oppleve-.
Elles gjekk dagane med veging, blodtrykk og AEG, temperatur og ikkje minst blodprøvar. Eg må tilstå at eg prøvde å få blodprøvane utsett ved å gå å ete når eg venta dei. Medisinar var det rikeleg av, og eg fekk alltid vite kva dei var for. Sykepleiarane var hjelpsame, og legane var innom og lytta, såg på sår og fekk skifta bandasjar. Alt såg fint ut, og dei tok til å snakke om utskriving fredag.
Eg ynskte meg å vere der over helga, men alt var bra, så det såg ut til å bli siste dagen. Alle blir jo skrive ut mot helg, så da så.
Om dagen vandra eg med preikestol i gangane. Det vart ikkje så lange runden, men når ein gjekk han 10-15 gongar, så vart det litt trim alikevel. Ein dag prøvde eg å utvide territoriet , og gå tur på medisin 2, men dei sende meg attende til min eigen avdeling. Her tar vi ikkje ansvar for meir enn vi må!

Brødmat kunne du eta når du ville, men middag var klokka eitt. Fint tillaga, men måten dei varma maten opp på, gjorde at fisken vart blaut og kjøttet ofte turt. Ikkje rart folk ikkje åt opp! Synd, fordi middagen skulle jo vera hovedmåltidet for dagen.

Mannen min kom kvar dag. Det var lettare no, og me sat og prata i ein roleg krok på avdelinga. Det var godt å sjå han så mykje.
Siste natta bytte eg rom. Ho eg kom saman med hadde lungebetennelse, og snorkepusta heile natta. Ikkje fred å få eit sekund! Eg skulle ikkje vri meg, noko eg gjorde, og kjende hjartet begynte å slå ekstra slag, begynnelse på hjarteflimmer! Heldigvis berre eit slag kvar gong!  Etter to timar bad eg om å få sove på gangen, men det anbefalte ikkje nattevakta fordi det var fleire som gjekk i gangane, og nokre dører til romma stod opne. Så eg fekk soviro og beroligande. Etter eit par timar sovna eg, og held for øyrene så sov i roen ikkje skulle falle ut. Eg vart mentalt ferdig for heimreise den natta, for å sei det slik!
Dagen etter la eg inn skriftleg klage  på nattesøvnen, og ville ikkje ha ekstraslaga notert, fordi eg meinte det skuldast ekstra belastning, og skulle ikkje vere med på bedømminga om eg skulle ha ekstra medisinar. 68-aren slo til!
Så fjerna dei sting, sette på nye bandasjar både på foten og i bringa.  Og så måtte eg vegast, blodtrykket vart målt, og eg tok blodprøve for siste gong. Trur ikkje det var fleire stader å få tynt ut ein dråpe blod til.
Eg skulle ingenting bera, så mannen min bar ut bagasjen. Eg tok farvel med romkameraten min, som var like lukkeleg som eg over å verta utskriven den dagen." ein blir ikkje skikkeleg frisk før ein får sove i si eiga seng, " sa ho. Eg hadde fått ei medisinliste så langt som eit vondt år, så vi  beslutta oss for å kjøpe medisinar på sjukehusapoteket.  Det skulle visa seg å vera eit lukketreff!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!