Å sitja i bilen gjekk fint. Å sitje oppreist er bra, og hjelper på pusten. Etter ein halv time var vi heime. Eg gjekk inn, og overlet til mannen min å bere inn bagasjen, for eg skulle ikkje løfta noko. Fint å finne stolen sin, og helse på katta som så absolutt viste glede og gjenkjenning.
Toalettet vårt er i andre etasje, så eg måtte ein tur dit. Det var ei påkjenning å kome seg opp trappa, og eg heiv etter pusten og kjende sveitten då eg hadde gått dei 10 trinna. Men opp kom eg, og fekk gjort mitt fornødne.
Middagen var enkel, steikte fiskekaker på brødskiva, Godt smaka det!
Det var over 14 dagar sidan eg for til fastlegen etter hjarteinfarktet, og på desse vekene hadde eg vore på Elverum sykehus, på Ullevål og blokka ut årer, teke bypass på hjartet, og returnert til Elverum. Eg kjende det som eg hadde fått livet tilbake.
Men kreftene var ikkje store, så det vart mest å gå frå eine stova til den neste. Men det var viktig å gå, hadde dei sagt på Ullevål, så eg gjekk litt fram og tilbake.
" Ein blir ikkje frisk før ein søv i si eiga seng", sa ein av romkameratane mine på Elverum.
Det vart tidleg kveld, så klokka halv ni tok eg ein smertestillande, og sleit meg opp trappene. Eg låg med 3 putar, og hadde dobøtte, for det syntest langt å gå på toalettet, sjøl om det var i same etasje.
Eg måtte vera forsiktig med korleis eg låg, for eg skulle passe på såra , for brystbeinet var delt og surra saman att. Men eg fann meg ei stilling som høvde, og sovna.
Eg vakna og sovna ein del gonger den natta, men det var sant, det var godt å sove i eiga seng. Det var ingen som snorka, ingen på gangen. Om morgonen var det ingen som skulle ta blodprøve, ingen tok blodtrykk, ingen vog meg og skanna hjartet. Eg var on my own, på veg til å bli frisk!

Kommentarer
Legg inn en kommentar