Gå til hovedinnhold

Apoteket

Så var eg på eiga hand, nesten. Utan preikestol, sykepleiar og lege, men med ei trufast hand frå mannen min å støtte meg til om eg skulle trengja det.
Vi tok heisen ned i første, og var einige om å bruke sjukehusapoteket for å få tak i dei 7 medisinane som legen tenkte var naudsynt for vidare bruk.
Mannen gjekk ut for å sjå til bilen, og eg stavra meg dei 30 metrane gjennom vestibylen, og oppdaga at det var  trapp ned til apoteket. Eg kom meg ned, men sveitten pipla allereie då eg stod framfor apotekaren og la fram ærendet mitt. Allerhelst ville ho sjå resepten, som låg i bilen, og eg måtte ha signalisert at å gå dit og hente den var eit meisterstykke for stort for meg akkurat då. Eg fekk sagt at eg var nyoperert, og fekk ein stol å sitje på og eit glas vatn. Begge delar gjorde at eg tok meg inn att.
Ho fann resepten på dataen, og gjekk igang med å finne fram det legen hadde skrive ut.
Men enkelt vart det ikkje . For noko var ikkje på blå resept, og noko måtte bytast med legemiddel som var billegare, og eit legemiddel gjekk ikkje saman med eit anna. Så farmasøyten styrde på, ringe legen, og fekk aksept på å ordne resepten slik ho ville. Som ein sa: Farmasøyten er ekspert på legemiddel. Det er legen ikkje".
Eg sat der og let ting skje. Mannen min kom attende, og me venta tålmodig.
Så fekk eg grundig gjennomgang av alle medisinane, og på merkelappen stod kva som var i staden for det som var på resepten. Det eine blodfortynnande skulle tas morgon og kveld, og det var viktig at det ikkje gjekk meir enn tolv timar mellom kvar gong eg tok dei. For kom eg i ei ulukke, ville eg då ikkje lenger vere beskytta, og det kunne vera livstrugande. No hadde ikkje me tenkt å køyra så mykje bil etter 8 om kvelden, men det er jo greit å vite. ( Eg gløymde han forresten ein gong eg var i Tabernaklet, så då køyrde me heim i risikosona).
 Eg måtte ha dosett til tablettane, meinte ho, og viste ulike løysingar. Vi valde den dyraste og mest forsegjorde, så no kan eg dosere tablettar til morgon, middag, nons og kveld. Heldigvis brukar eg berre to kammer kvar dag, og vonar det blir lenge til eg må bruke alle.
Så fekk eg posen med medisinar, og betalte, og farmasøyten viste meg heisen. Ho skjøna vel at det kunne bli for stridt å gå trappene oppover.
Eg gjekk gjennom vestibylen, stødd av ein sterk arm denne gongen, og bilen var like utanfor trappa. Det var glatt, men eg kom meg inn i bilen. Ein av advarslane var at om eg gleid og måtte ta meg for med hendene, kunne det få katastrofale følgjer, for eg hadde eit delt brystbein som var surra med ståltråd, etter det eg har høyrt.
Så var vi på veg heim . Med medisinar. Eg trøysta meg med orda . " Desse teikn skal fylgja dei som trur : Drikk dei noko giftig, så skal det ikkje skada dei." Fekk håpa det galdt for medisinske biverknader og.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

April

Dagane går, og et hener ikkje så mykje nytt. Eg er flink til å gå mine 3000 skritt, og periodisk er eg flink å bruke strikken, og til og med vektene eg arva etter sonen min. Litt hagearbeid vert det og, men sesongen er ikkje starta skikkeleg. Me tok ein runde på bærtrea,og bringebæra vart tynt og klippt. Vi planla litt for sesongen, og fekk sett ned stemorsblomar. Det er kuldegrader om natta enno. Tidleg om morgonen, med 5- ser dei forfrosne ut, men dei rettar ryggen og står fine og frodige att på ettermiddagen.  Den første koronnasprøyta tok eg. for fjorten dagar sidan, og  det var utan biverknader. Den siste skal eg ta om 14 dagar, og då er eg vonleg fit for society again. 

Mai!

 Nå er 17.mai over. Regn og ruskevær, og eit skikkeleg vått flagg. Heldigvis klårna det opp, og blåsten turka noko av væta av flagget.  Den andre coronnasprøyta er no overstått, utan særlege komplikasjonar. Litt smerte i armen første natta, og det var  alt. Kanhende litt trøytt etterpå, men det kan jo skuldasrt så mykje.  Elles er stoda mykje den same. Eg går mine 3000 skritt, brukar strikken og driv litt med hagearbeid. Det siste har vore lite, for no kom det etterlengta regnet. Det har regna godt, og no er det grønt og fin, både plenar og tre har den vakre lyse grønfargen. Det er som med kattungar av ein viss størrelse. Dei skulle aldri vorte større!. Men livet går sin gang, uansett ynskje.  Men det er ei fin tid, med nysprotte lauv, blomar, fuglesong og lyse morgonar. Kveldane blir lengre. Våren er vakker! Men når det gjeld vekta strevar eg. Det er vanskeleg å gå ned i vekt. Men ein får glede seg over dei små skritt. Ein kjem fram då og! 

Februar

februar er kort, og det vart dette og!  Det er kaldt på Austlandet no. men eg kan gå ute, og ikkje kjenna vondt! eg gled meg over det, og takkar Gud for det. Mange fine vinterbilete har det og blitt.  No er dagane vorte lengre, og sola varmar når eg går  den daglege halvtimesturen. Eg tek bilete, for eg er fasinert av alle vakre bilete den kalde årstida byr på.  Eg har sagt opp det passive medlemskapen på treningssenteret. Dessutan, dei har leigd seg ut til vaksinestasjon for coronna, så det er vel reduset plass til å trena. Vekta er vanskeleg. No går ho opp att, i staden for ned. Skulle ynskja eg fann ein mirakelkur!  Strikken brukar eg, og den verkar både på haldning og humør!