Gå til hovedinnhold

Samle krefter og samle til vinteren

No kan ein endeleg trene på treningssenteret igjen.  Men eg er rimeleg utslegen av varmen denne veka, så eg har ikkje gjort noko forsøk på å reise dit.  Trufast mot min halvtime med gåing er eg nok, men no vert det sjeldan meir.  Eg kan liksom dei ulike rutene nokså godt, og veit kor langt eg skal gå. Rundt byggefeltet er det 800 skritt, ein tur i hagen 500, ein tur på butikken 2000 skritt, og ein tur over gangbrua er 600. Ein tur i  Romedalsparken er 800 skritt, og min tur gjennom det andre byggefeltet er 2500. Så tilpassar eg dagens tur til minimumslengda, og er nøgd.
Hengekøya er fin, men ikkje særleg mykje treningi. Men det er kos å liggje der, sjå opp i trekrunene  og vogge i vinden. Hønene småpratar  like ved, og av og til kjem katten smygande for å sjå om matmor har det godt.  Men det er sjeldan i denne varmen. Ho ligg vel ein eller annan stad under ei buske og søv til kvelden kjem.
Føtene til dn vesle trampolina glimtar med fråværet sitt framleis, så det har ikkje vorte noko hopping enno.
Eg smurde meg forresten inn med rikeleg med solkrem  og la meg ut i min nyinnkjøpte solstol i går.  Ein halv time var nok. Då hadde eg fått nok sol på framsida, og truleg samla litt vitamin D til vinteren.  Ein gamal kropp likar ikkje så godt å sole seg på golvet lenger, for det er vanskeleg å kome både opp og ned. Men ein benk gjorde nytten for å sole ryggen, så nå har både framsida og baksida fått sin del av vitaminvinterlagringa.  Godt å samle vinterforråd!
Rabarbra er og fint til både saft og syltetøy, så eg har laga litt av båe delane. Det skal vere best å hauste han før jonsok, så  no er eg i rute. Synest rabarbrasyltetøy med litt kanel smakar fortreffeleg.  Elles er rabarbrakake godt til is. Eg brukar ei vanleg formkakeoppskrift, og har rabarbra som har lege i sukkerlake oppå kaka, saman med litt hakka mandlar.  180 grader i vel ein halv time.  Smakar fortreffeleg, og resten kan frysast.
Det er og tida for å tørke urter.  Eg tørkar ein del brennesle, og har det som urtekrydder i brød.  Det skal hjelpe mot betennelsar, og sidan mannen min har ein del av det,  så har eg brennesle i brøddeigen heile tida.
Eg har tørka litt løpstikke, for ho skal vere fin som buljong, og gler meg til å prøve han i vinter.
Føtene hovnar litt opp i varmen. Særleg den venstre som dei tok ei blodåre frå då dei gav meg nye årer i hjartet i 2018.  Då eg googla fenomenet, var det ein del kjerringråd som dukka opp : Bruk lite salt og sukker. Det siste visste eg ikkje. Men grøn te og nypete skulle vere bra. Likeeins selleri. Så no gumlar eg selleri saman med salaten min om morgonen.  Ein ven seg til smaken.
 Fenikkel, persille, kjerringrokk, løvetann og nesle var og bra. Trur eg skal tørke noko av desse urtene, og lage meg te av dei i vinter.   Trur litt på å bruke naturen før ein eventuelt må på medisinar. 

Kommentarer